onsdag 25. juni 2014

Vartdal - Ørskog


Det var ein rein overkøyring frå Vartdal si side i kampen mot Ørskog.

Aleksander starta showet med eit tidlig skåring, før auka til Steffen 2 - 0. Målmaskinen Rolf-Audun ville også vere med, og gav Vartdal leiinga 3 - 0 til pause.

I andre omgang heldt Vartdal fram godspelt.
Rett nok måtte laget gje vekk eit straffespark til gjestene, og det vart 3 - 1.
Det affiserte ikkje Vartdal spelarane, og Rolf-Audun la på til 4 - 1. Petter Ove ville også vere med på målshowet, og sette inn 5 - 1.
Det siste målet til Vartdal var eit kunstmål. Rolf-Audun tok i mot ballen mot ryggen mot mål. Han dempa ballen med brystkassa, fekk kontroll, over han med foten, vende, og skaut ballen godt i mål.

Lage som starta :
Allan, Thomas, Petter Ove, Aleksander, Frank R, Arthur, Morten, Jostein, Kristoffer, Steffen, Rolf-Audun

Benytta innbyttera : Dan Andre for Morten, Håvard for Allan, Fredrik for Jostein, Terje for Aleksander.

Neste kamp er torsdag 26.06 mot Hasundgot på Remen kl. 18.30 Det er siste heimekamp før ferien :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar