torsdag 31. juli 2014

Vartdal - Hasundgot

Vartdal var i form. Torsdag 26 juli vart det ny siger for laget. Hasundgot vart slått 4 - 1 på Remen.

Dette var den siste heimekampen for Vartdal før ferien.
Vartdal var det dominerande lage i fyrste omgang, og det vart skapt sjansar.
Laget sin måljeger, Rolf-Audun , lukkast ein gong, og til pause var stillinga 1 - 0 til heimelaget.

Sjølv om Vartdal var dominerande laget, var ikkje Hasundgot ufarlige, og gjestene utlikna tidlig i andre omgang.
Då låg kampen og bikka ei stund, men då Rolf-Audun sette inn 2 - 1, verka Vartdal trygge på siger.
Utover i omgangen dominerte Vartdal, og 3 - 1 kom då Rolf-Audun spelte fram Steffen. Han var sikker, og skåra det avgjerande målet. Jostein fekk æra av å skåre det siste og fjerde målet for Vartdal.  4 - 1 vart sluttresultatet, og Vartdal klatra opp på tabellen.

Lage som starta mot Hasundgot :
Allan, Thomas, Petter Ove, Aleksander, Frank, Arthur, Kristoffer, Morten, Jostein, Rolf-Audun, Steffen

Benytta innbyttera : Fredrik, Håvard

Då vil Vartdal takke for alle som har komt å sett på oss på Remen og ønske dokke god sommar.

Neste kamp før ferien er borte mot Ravn torsdag 03 juli kl. 18.30

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar