Etter fire strake tap leverte Vartdal årsbeste i 1. omgang mot serieleiaren Stordal. Vertane dominerte spelet på Remen, og Stordal hadde berre ei kvalifisert avslutning i 1. omgang mot eit aggressivt og velfungerande heimelag.
Då kampen var fjorten minutt gammal fekk Geir-Arne ballen på 17 meter, og plasserte den via bakken og til høgre for målvakta. 1-0. I perioden etter skåringa hadde heimelaget full kontroll, men spelte seg ikkje til dei store sjansane. Etter 38 minutt vart Erling spelt gjennom på venstresida. Etter litt kjemping om ballen med ein Stordal-forsvarar dobla Vole leiinga for Vartdal. Berre minuttet seinare vart Rolf-Audun spelt fri på same side. Han fann Steffen som enkelt sette inn 3-0 frå fire meter. Geir-Arne var nære ved å skåre Vartdal sitt fjerde mål for kvelden like etterpå, men avslutninga gjekk like utanfor.

2. omgang var berre fire minutt gammal då ein Stordal-spelar sendte ballen i eige mål etter eit Vartdal-frispark. Stordal sin første store sjanse kom tolv minutt ut i omgangen, men Allan redda meisterleg. Med tjue minutt igjen av kampen utnytta Stordal forsvarsrot frå heimelaget etter eit hjørnespark. Bortelaget kontra og Andreas Øie reduserte. Gjestene styrte kampen eit par minutt etter skåringa, men initiativet forsvann ti minutt før slutt. Steffen fann Anders i feltet, og midtbanespelaren som akkurat hadde kome på bana sette inn 5-1. Seks minutt seinare kom ei reprise av 5-1-målet. Frank R fann Rolf-Audun i feltet og 6-1. Ein svært fortent siger til heimelaget over eit Stordal-lag som stod med fem strake sigrar.

Lage som starta mot Stordal
Allan, Thomas, Petter Ove, Aleksander, Frank R. Geir-Arne, Arthur, Erling, Morten, Steffen, Rolf-Audun

Benytta innbyttera : Dan Andre for Morten, Anders for Geir-Arne, Jostein for Steffen, Fredrik for Erling, Terje for Thomas.

Benk : Håvard

Skada : Frank G, Kristoffer

Neste kamp er torsdag  5 juni borte mot MSIL kl. 18.30