lørdag 17. mai 2014

Vartdal - Sæbø


Sæbø vann kampen 2-1, etter at det stod 0-0 ved pause.
Det vart ein frykteleg rotete kamp, og mykje av skulda for det må ein kraftig vind ta. Det bles godt under heile kampen.

Sæbø starta best, og hadde ein farleg sjanse alt etter femten sekund ved Tarald Harstad, men målvakt Allan  møtte ute i feltet, og hindra skåring.
Utover i omgangen hadde heimelage nokre farlege sjansar på kontringar ved Erling og Rolf-Audun.
Sæbø var farlege på dødballar, men hadde ikkje så mange avslutningar på mål. 0-0 til pause var heilt greitt.

Andre omgang opna heilt forferdeleg for begge lag. Det var ein fryktleg dårleg fotball som vart vist eit publikum på om lag hundre.
Men etter åtte minutt small det på Remen. Vartdal spelte seg fint opp langs venstresida, og innlegget hamna på hovudet til Rolf-Audun som var på motsett femmeterhjørne. Han nikka ballen mot mål, og ein litt uheldig Steffen Wille Ytterstad i Sæbø-målet måtte sjå at ballen gjekk over han og i mål.
To minutt etter Vartdal sitt leiarmål utlikna Sæbø. Laget fekk frispark like uitanfor sekstenmeterstreken, og Terje Hauge Øye klinka ballen i krysset.

Men etter 31 minutt fekk Sæbø til ei svært god kontring. Henrik Mo fossa fram på Sæbø si venstreside, og fekk lagt inn til Terje Haugen Øye. Han finta vekk ein Vartdal-spelar, og skåra frå om lag fem meters hald.
Mot slutten hadde Vartdal sine sjansar, samstundes som Sæbø var nær ved å lage 3-1 då Mats Riise skaut over frå to meters hald.


Lage som starta mot Sæbø :
Allan, Thomas, Arthur, Petter Ove, Frank R, Geir-Arne, Morten, Anders, Erling, Rolf-Audun, Aleksander
Benytta inbyttera : Jostein for Geir-Arne, Dan Andre for Anders, Fredrik for Jostein
Benk : Terje, Håvard.
Skada : Frank G, Kenneth, Kristoffer

Netse kamp er torsdag 22 mai kl. 18.30 borte mot Åram/Van.Kam

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar