fredag 9. mai 2014

Hovdebygda - Vartdal

Seks minutt inn i lokaloppgjeret mellom Hovdebygda og Vartdal stod det 3–0 til heimelaget.
Etter to minutt hamna eit innkast i beina på Håvard Kårstad som sendte vertane i føringa. To minutt seinare vart Kjetil Kalvatn spelt gjennom og dobla leiinga. Same mann banka inn 3–0 då kampen var seks minutt gammal. Ein sjokkstart for Vartdal som brukte halv 1. omgang til å få i gang spelet sitt. Midtvegs i omgang avslutta Kjetil Kalvatn godt frå 16 meter, men Allan fekk avklart. Vartdal hadde ikkje ein kvalifisert målsjanse i 1. omgang, men tok etter kvart over spelet.

I 2. omgang tok Vartdal kontroll over kampen frå start, og etter fire minutt reduserte Rolf-Audun. Etter 18 minutt sendte Frank R eit frispark i tverrliggjaren. Då det var ti minutt att av kampen fekk Morten stå heilt aleine i feltet, og stanga inn Vartdal sitt andre for dagen. Bortelaget pressa på for utlikna, men det vart ikkje fleire mål.








Vi var både uheldige og udyktige i starten. Hovdebygda får maksimal utteljing med tre mål, og ein forferdeleg start for oss. Det vart mykje duellar gjennom kampen, og lite fotball. Vi prøvde å spele fotball, og lukkast til dels med det, men vi var for upresise. Vi var betre enn Hovdebygda, og det er surt at vi ikkje får med oss eitt poeng, seier Einar Arne Roth som har trenaransvaret for Vartdal saman med Bjarte Flåskjer.

Vi bestemte oss for å gå ekstremt hardt ut i dei første femten minutta. Vi hadde fokus på å ta ut Arthur Vartdal Midtgaard og Geir Arne Kaspersen i desse minutta, og eg trur at det tok i alle femten minutt før dei forstod. Vi var heldige og hadde marginane på vår side. Vi skapte ikkje så mykje målsjansar etter opninga, og hadde dette vore i fjor så hadde truleg ikkje fått mål og tapt kampen på dei siste fem minutta. No er vi komen i flytsona, og vi håper at vi klarer å vere der lengst muleg, seier Hovdebygda-trenar Frode Tømmerbakk.

Lage som starta mot Hovdebygda :
Allan, Thomas, Arthur, Aleksander, Frank R, Geir-Arne, Erling, Morten, Jostein, Rolf-Audun, Steffen
Benytta innbyttera : Fredrik for Jostein, Marius for Geir-Arne
Benk : Håvard
Skada : Petter Ove, Kristoffer, Frank G

Netse kamp er nok eit okaloppgjeret på Remen 16.mai kl. 18.30 mot Sæbø.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar