Før årets sesong miste Vartdal fleire sentrale spelarar. I fjor kjempa dei om opprykk heilt til tampen av sesongen, og i år hadde dei ei målsetjing om å vere topp fire i femtedivisjon. Fasiten vart ein tredjeplass, og dei hadde sjansen til å rykkje opp heilt til siste serierunde. Med tap mot Hasundgot, og Sykkylven-siger over Åheim, gjekk det ikkje, men Kenneth Nydahl seier seg nøgd med årets sesong.
Vi må vere nøgde med sesongen med tanke på kor mange vi miste før sesongen. Vi enda topp tre i divisjon, og vi klarte ei litt hårete målsetjing om topp fire. Vi kjempar om opprykk til siste seriekamp. Det er sjølvsagt litt surt at det ikkje vart opprykk, men vi må eigentleg seie oss godt nøgde med sesongen, seier Nydahl.
Er det nokon spesielle høgdepunkt frå årets sesong?
Ikkje direkte, men vi vinn fleire kampar enn vi taper. Vi har også fleire sterke resultat mot gode lag, og det skal vi ikkje vere misnøgde med.

Mykje bra å byggje vidare på

I fjor takka Nydahl av som Vartdal-trenar etter tre år, men situasjonen snudde seg og han tok trenaransvaret eitt år til. Etter fire år med trenaransvaret er det no andre som skal føre Vartdal-skuta vidare.
Om Vartdal klarer å halde på den stamma som er i laget no, så er det mykje bra å byggje vidare på – og det er unge spelarar som kjem opp. Får dei utbetra anlegg og halde på miljøet, har eg trua på at Vartdal kan ha eit bra opplegg.

Fantastisk gjeng og eit godt miljø

For Nydahl ligg det an til eit år fri frå fotballen, men han seier at viss det dukkar opp noko som er interessant, utfordrande og som han kan trivast med så vil han vurdere det. Noko av det som sit best att etter fire år på Vartdal er eit veldig godt miljø.
Eg har sagt heile tida at det er ein fantastisk gjeng, og det har også gjort at eg har vorte verande der i mange år. Det er godt miljø og ei god ånd på trass at dei ikkje har klubbhus og ein garderobekultur. Det er likevel ei god ramme rundt klubben. Spelargruppa er fin og homogen frå dei yngste spelarane til dei som er midt i 20-åra, og til dei gamle travhestane. Det er ikkje noko klikkmentalitet i gruppa, og det er eit fint samhald. Dette merka vi også på turane til Tyrkia. Første året var det berre to spelarar som ikkje kunne vere med grunna fødslar, og dei to siste åra har vi vore fulltalige. Det viser at folk har lyst til å vere med, seier Nydahl.

Takk for fire år som trenar Kenneth Nydahl :) Lykke til Vidare.