tirsdag 15. oktober 2013

Hasundgot - Vartdal

Vartdal hadde ikkje dagen framfor mål i siste seriekamp mot Hasundgot laurdag. Dermed vart 0-1-tap, og ein tredjeplass i 5. divisjon.

Med siger i siste seriekamp mot Hasundgot ville Vartdal framleis kunne rykkje opp, viss FK Sykkylven spelte uavgjort eller tapte mot Åheim.

Det var likevel heimelaget som opna kampen best, og Vartdal var ikkje på den første halvtimen. Vegard Selvåg sendte vertane i føring etter 27 minutt. Etter dette gjorde Vartdal nokon grep, og kom meir med i kampen.

I andreomgang var Vartdal monaleg betre, og styrte kampen. Hasundgot vart pressa tilbake, og bortelaget skapte fleire store sjansar. Mot slutten av kampen la Vartdal om til to mann i forsvar og fire mann på topp, men ballen ville ikkje i mål. Målvakt Thomas fekk raudt kort på tampen av kampen, og marsjordre. Med 1–0 siger var det Hasundgot som kunne juble over tre poeng, og ny kontrakt i 5. divisjon.






Lage som starta mot Hasundgot :
Thomas, Thomas, Arthur, Jarl, Frank R, Erling, Petter Ove, Dan Andre, Rolf-Audun, Steffen, Frank

Benytta innbyttera : Geir Arne, Jostein, Morten, Vidar Johan

Benk : Kristoffer, Agnar, Terje
Karantene : Marius
Mangla : Kenneth, Leidulf.

Takk for i år :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar