Fotballgruppa i Vartdal har nytta tida etter årets sesong i 5. divisjon godt, og det er allereie klart at Einar Arne Roth og Bjarte Flåskjer tek over trenaransvaret for herrelaget.

Dette var førstekandidatane våre. Kenneth Nydahl takka eigentleg av før årets sesong, men tok eitt år til og hjelpte oss ut. Det har også fungert godt. No tenkte vi at det var på tide å prøve noko nytt, og vi har fått på plass lokale representantar med god erfaring. For oss var det naturleg å sjå etter nokon lokalt som kunne bidra, seier leiar Jan Otto Roth i fotballstyret i Vartdal TIL.

Dermed går Vartdal for ein annan modell enn dei har hatt dei fire siste åra, og litt av bakgrunnen for at det no vert ein trenarduo er fleksibilitet.

Vi er veldig godt nøgde med at Bjarte og Einar Arne tek over trenaransvaret, og vi fekk dei som vi ville ha. Vi må prøve å nyttiggjere det som er på stranda også, og at dei har lyst til å bidra er berre eit pluss, seier Jan Otto Roth.