Åmdal jakta sine første poeng på bortebane torsdag, medan Vartdal ville tilbake på vinnarsporet på heimebane etter 2-5-tapet mot Langevåg i førre serierunde. Heimelaget opna kampen best, og Rolf-Audun kom til to sjansar i løpet av dei første fem minutta utan at det vart utteljing. Heimelaget slo mykje langt mot Jarl , Vidar Johan og Frank på topp, og Åmdal vart spelt låge i opninga. Då det var spelt tolv minutt var Simon Gjøen plutseleg aleine gjennom med Thomas i Vartdal-målet. Han runda Thomas og sette ballen i mål etter ein duell med midtstoppar Kristoffer.


Bortelaget fekk løfta spelet sitt litt etter målet, men det skulle ikkje gå altfor lenge før laga var like langt. I det 21. minutt kasta Arthur inn i feltet. Jarl vann duellen, og 1–1. Torbjørn Brandsæter sette Thomas på prøve tre minutt etter skåringa, men målvakta fekk slått til hjørnespark. På hjørnespark vart det litt kluss i feltet og Ole Martin Korsnes avslutta i beina på Thomas. Då det var spelt 31 minutt fekk Anders, som hadde ein veldig god kamp på midtbana, ballen på tjue meter, og med eit kanontreff suste ballen forbi Hermod Halse i Åmdal-målet. 2–1 til heimelaget. Ingen av laga klarte å skape dei store sjansane i slutten av omgangen, og dermed gjekk laga til pause på stillinga 2–1 til Vartdal.



I andreomgang starta Vartdal med eit høgt press, og bortelaget sleit med å kome seg ut av eige forsvar. To minutt ut i omgangen heada Frank like utanfor. Fem minutt seinare kjempa spissen mot Svein Erik Grevsnes, og fekk sendt ballen til Jarl som sette inn 3–1.



Åmdal sleit med å etablere noko trykk mot Vartdal etter skåringa, og heimelaget hadde kontroll på kampen. Med eit kvarter igjen av kampen vart Torbjørn Brandsæter spelt gjennom, men Thomas redda på ny. Ti minutt før slutt gjekk Simon Gjøen ned i feltet og Åmdal fekk tildelt straffe. Svein Erik Grevsnes venta ut Thomas, og sette sikkert inn reduseringa for gjestene. Åmdal prøvde å trykke på for utlikning, men på tampen av kampen fekk Vartdal til fleire gode kombinasjonar og Jostein sette inn 4–2 målet.