lørdag 22. juni 2013

Vartdal - Hasundgot

Publikumet på Remen torsdag fekk mål for inngangspengane då Vartdal sikra seg tre poeng med 5–4-siger over Hasundgot.
Vartdal var tilbake på vinnarsport på Remen i førre serierunde med siger over Åmdal. Torsdag var Hasundgot gjestar, og heimelaget jakta ein ny siger. Bortelaget hadde to sigrar og ein uavgjort på sine tre siste kampar. Frå start av var det gjestene som ville mest, men det var Vartdal som fekk utteljing.
Etter fem minutt stussa Frank eit innkast frå Arthur vidare, og Dan Andre sendte heimelaget i føringa.



Sjølv om Vartdal tok føringa var det framleis Hasundgot som ville mest på Remen. Då det var spelt 28 minutt vart Frank spelt åleine gjennom, runda målvakt og dobla leiinga.



Gjestene reduserte ikkje lenge etterpå med eit kanontreff på frispark frå rundt 30 meter. Heimelaget slo tilbake med ein gang. Anders fekk godt treff mot Åmdal, og gjorde det same mot Hasundgot. Skotet frå 20 meter gjekk i tverrliggjaren, i ryggen på målvakta og i mål. Dermed kunne heimelaget gå til pause med 3-1-leiing etter å ha vore effektive framfor mål.


I andreomgang tok det ikkje så lang tid før Hasundgot reduserte til 2–3 ved Ole Magnus Ljøen Melchior. 13 minutt ut i omgangen vann Dan Andre ballen høgt i bana, og spelte gjennom Rolf-Audun. Åleine med målvakt gjorde han ingen feil, og sette inn 4–2 målet. Gjestene gav seg ikkje og reduserte etter 60 minutt, og fire minutt seinare var laga like langt. Kampen stod å bikka på dette tidspunktet, men då var spelt 74 minutt fekk Steffen eit godt treff. Han skar inn frå venstre og la ballen flott ned i venstre hjørnet for målvakta. Dermed var Vartdal igjen i føringa 5–4.
Heilt på tampen fekk Hasundgot lagt skikkeleg press på Vartdal, og hadde fire hjørnespark på rad. Terje i Vartdal-målet fekk rydda opp, og dermed var den tredje heimesigeren for Vartdal i år eit faktum.



Lage som starta mot Hasundgot :
Thomas, Marius, Kristoffer, Arthur, Steffen, Anders, Geir Arne, Rolf-Audun, Dan Andre, Jarl, Frank

Benytta innbyttera : Aleksander, Thomas, Jostein, Terje
Benk : Vidar Johan

Då tar Vartdal sommarferie :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar