Vartdal var med i kampen om opprykk heilt til nest siste serierunde, men då snudde Stordal kampen i sin favør heilt mot slutten. Etter fleire år med trenaransvaret skiljer også Kenneth Nydahl og Vartdal lag.


Vartdalgjorde det klarte allereie i fjor haust at laget skulle vere med å kjempe i toppen av femte divisjon denne sesongen. Det låg lenge an til at Vartdal skulle kapre ein av to opprykksplassar, men då Stordal snudde kampen i nest siste serierunde var håpet ute. Fasiten frå årets sesongen viser tjueåtte poeng på seksten kampar, åtte sigrar, fire uavgjorte kampar, fire tap og ein målforskjell på tjuefire plussmål.
Sesongen starta veldig bra for vår del, og vi fekk ein dårleg periode rett etter ferien. Denne perioden var også kritisk i samband med sesongmålsetjinga om å vere blant dei laga som rykkjer opp. Vi har også hatt ein del kampar denne sesongen der vi har prestert langt under pari, seier trenar Kenneth Nydahl.


Ein brukbar sesong

Sjølv om opprykket glapp føler du at det har vore ein brukbar sesong for Vartdal sin del?

Vartdal er ei lita bygd når ein ser på kor mange som bur der, og på den måten har vore ein brukbar sesong. Vi har kjempa i toppen heile sesongen, og vi klarer målsetjinga om å vere topp tre. Vi har ei lita intern målsetjing om opprykk som vi er forholdsvis nære ved å klare, seier Nydahl.


Skiljast som gode vener

Vegen vidare for Vartdal sin del vert utan Nydahl på sidelina.

Neste sesong vert eg ikkje på Vartdal, men vi skiljast som gode vener. Klubben har ikkje teke noko standpunkt, men det skal litt til at eg er med vidare. I august var vi samde om å sjå kva som skjer med tanke på kva divisjon det vart til komande sesong, og viss det ikkje vart opprykk kunne det vere lurt med eit trenarskifte. Eg har ikkje nokon konkrete planar for kommande sesong, men det er nokon prosjekt som eg kunne tenkje meg å vere med på, seier Nydahl.

 

Vitnar om eit godt miljø

Den avtroppande trenaren trur at Vartdal kan vere med å kjempe om eit opprykk også kommande sesongen.

Det ser ut som Vartdal misser ein til to spelarar til våren, og ein må erstatte desse om det skal vere reelt. Mannskapet som er der er eit bra mannskap, men ein må vise litt meir iver til å ville rykkje opp. Det er ein utruleg triveleg gjeng på Vartdal, eit godt miljø og på vårt nivå ein god treningskultur. Andre lag slit med dette, men ein får det til på Vartdal mykje fordi dei har det kjekt i lag. Ein gjer ein fantastisk innsats på Vartdal når ein ser på kva dei har fått til med handlingsistuasjone ein lever i. I utgangspunktet har ein ikkje garderobar eller noko som helst, og det ein har fått til vitnar om at miljøet i klubben er sterkt. Det er mange treningar der spelarane har vore klissvåte og skitne, og må sette seg i bilen for å køyre i ein halvtime før dei får dusje, seier Nydahl.


Prestasjonsmessig best mot Emblem

For trenaren er det ikkje eit klart høgdepunkt denne sesongen, men fleire mindre.

Det er ikkje nokon spesielle høgdepunkt, men å ligge under så mykje som vi gjorde mot Vigra og hente inn igjen med rå arbeidskraft er eit høgdepunkt. At vi i tillegg fekk vite at Stordal hadde spelt uavgjort på veg heime igjen gjorde dette til ein god dag. Prestasjonsmessig var våre to beste kampar mot Emblem sjølv om vi rota vekk poeng på overtid i begge kampane. I storsigeren mot Åheim så lukkast vi i alt etter kvart, seier Nydahl.

Mål :

Nils Petter 10
Tony Andre 6
Rolf-Audun 5
Dan Andre 4
Geir Arne 3
Vetle 3
Petter Ove 2
Steffen 2
Pål 2
Aleksander 1
Thomas 1
Frank G 1
Frank R 1
Anders 1
Arthur 1
Jarl 1
Are 1