onsdag 3. oktober 2012

Stordal - Vartdal

Vartdal miste opprykket på målstreken.

                                                            

Det vart ein dramatisk opprykksfinale, og ein kamp som vart avgjort siste kvarteret då heimelaget Stordal skåra to mål på eitt minutt.

Vartdal starta dårleg og laget spelte under det normale dei første 20 minutta. Deretter skjerpa Vartdal-spelarane seg og eigde kampen, og kunna skåra mål utover i omgangen.
Heimelaget leia likevel 1 - 0 til pause etter ei tidleg skåring.

I andre omgang heldt Vartdal fram trykket og det såg ut til å gå bortelaget sin veg då Vetle putta på to mål. Stordal-målvakta var som ein tiger og redda ellers alt som kom.
Kvarteret før full tid fann Stordal ut at dei skulle satse svært offensivt, og dei heldt att berre tre spelarar i forsvaret og sende resten av laget framover. Og det gav resultat : På eitt minutt dunka heimelaget inn to mål av Jon Espen Joranger og Bjørnar Kvammen.

Dermed er gultrøyene klare for fjerdedivisjon neste år etter fem sesonger i femtedivisjon.
Lykke til med spel i fjerdedivisjon.


                                                                                       Vetle


Lage som starta mot Stordal :
Martin, Frank, Petter Ove, Are, Arthuar, Geir Arne, Vetle, Rolf-Audun, Tony, Pål, Frank
Benytta innbyttera : Aleksander, Dan
Benk : Marius, Steffen, Jarl, Anders, Vidar Johan, Leidulf, Terje

Neste kamp er søndag 14 oktober mot Herd 2 på Herd kunstgrass kl. 12.00

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar