mandag 15. oktober 2012

Herd 2 - Vartdal

Det vart ein sjanserik, men målfattig kamp som Herd 2 vann 1 - 0 søndag.



Det var bortelaget som opna kampen best, og kom til nokre sjansar. Den siste halvtimen var det heimelaget som dominerte banespelet, og tok også leiinga ved Martin Ingjerd. Både Vartdal og Herd 2 hadde også gode sjansar til å skåre fleire mål i første omgang, men pauseresultatet var 1–0.


I andre omgang er Vartdal det beste laget, og skaper fleire gode sjansar. Mot slutten av kampen satsa bortelaget meir offensivt og dette resulterte i fleire sjansar begge vegar. Martin ordna opp for bortelaget, men Vartdal klarte ikkje å utnytte sine sjansar. Dermed ebba kampen på stilling 1-0, og Herd 2 sikra seg fjerdeplassen i årets femte divisjon.

Vartdal enda på tredjeplass med tjueåtte poeng på seksten kampar i årets femte divisjon.

Då vil Vartdal takke Vigra, Hasundgot, Herd 2, Åheim, Hovdebygda/Volda 2, Bergsøy 2, Emblem, Stordal og SFK for samarbeidet i 2012. 


Lage som starta mot Herd 2 :
Martin, Arthur, Aleksander, Are, Frank, Vetle, Anders, Tony, Dan Andre, Steffen, Pål
Benytta innbyttera : Marius, Jarl, Vidar Johan
Benk : Rolf - Audun

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar