I haustsesongen har det til saman vorte seks tap, ein uavgjort og ein siger for Ørsta og Vartdal, og ingen av laga er nær formtoppen i 4. divisjon. Fredag står dei på kvar sin banehalvdel på kunstgrasbana i Ørsta, og begge laga har eit ønske om tre poeng.

Vi er veldig gira på å slå Ørsta. Vi følte oss litt snytt i vårkampen, og i mitt hovud var det ein kamp som vi absolutt burde ha vunne. No er vi litt plaga med skader, men vi stiller med elleve mann som er klare mot Ørsta, seier Vartdal-trenar Bjarte Flåskjer.
Ørsta står utan siger i haust etter ein god vårsesong.

Vi må enkelt og greitt kome oss tilbake på vinnarsporet. Starten på haustsesongen har vore ganske tøff, og fire av dei fem siste kampane har vore på bortebane. På heimebane har vi stort sett vore bra om vi ser vekk frå siste halvtimen mot Larsnes/Gursken, seier Ørsta-trenar Thomas Lid Kleppe.
16. mai i såg det ut til at Vartdal skulle ta tre poeng heime mot Ørsta, men på tampen av kampen klarte gjestene å skåre to mål slik at kampen enda uavgjort 3–3.

Det var ein heilt horribel kamp av oss, sett vekk frå dei siste 5–10 minutta. Om Vartdal er revansjesugne så er i alle fall vi det. For vår del vert det ein kamp på ei god kunstgrasbane. Underlag og endring av underlag har mykje å seie, og det å spele på kunstgras borte er ei utfordring. I tillegg har vi spelt på dårlege grasbaner som mot Vartdal sist, og det er ikkje noko fordel for oss. Eg forventar meg difor eit heilt anna kampbilete fredag. Vi ser på oss sjølve som klare favorittar, og det må vi takle.
Ifølgje Bjarte Flåskjer har Vartdal hatt ei grei oppkøyring til lokaloppgjeret.

Vi slite litt med skader og vi har mista 5–6 spelarar. Stallen vår er veldig liten og sårbar. No gler vi oss og er så klare som vi kan. Vi møter eit spennande lag som ikkje er uslåelege sjølv om dei har hatt ein veldig god sesong i mine auge sett ut frå forventningane. Kampen mot Ørsta vert meir kjekk enn blodig alvor.
Heimelaget slit også med litt småskadar, men stiller eit svært sterkt lag ifølgje Thomas Lid Kleppe.

Torstein Lianes er ute med karantene, men vi har bra dekning i midtforsvaret. Fredrik Jørgensen er ute med skade, og vi har nokre andre offensive spelarar som ikkje er heilt tilbake i form etter mindre skader. Vi stiller eit svært sterkt lag, og eg reknar med at spelarane er klare til å snu den negative trenden.