Verken Ørsta og Vartdal klarte å feste grepet om kampen i starten av 1. omgang då laga møttest på kunstgrasbana i Ørsta fredag kveld.
Etter sju minutt skapte gjestene første sjansen. Marius slo opp på Jarl, men avslutninga gjekk utanfor. Resten av omgangen var sjansefattig for begge lag. Heimelaget hadde ballen mest. Jan Marius Brekke og Terje Haugen Øye har kvar sine sjansar til å sende heimelaget i føringa, men elles klarte ikkje vertane å sette Vartdal-målvakt Allan på dei store prøvene.

To minutt inn i 2. omgang kom det som skulle verte den avgjerande skåringa. På eit hjørnespark frå Vidar Liaskar fekk to Ørsta-spelarar stå umarkert, og Terje Haugen Øye heada vertane i føringa. Utover i omgangen klarte Vartdal å få til meir spel i laget. Etter 51 minutt vart Marius spelt gjennom, men Ørsta-målvakt Martin Liaskar kom raskt ut og avslutninga gjekk utanfor. Med eit kvarter igjen av kampen slo Daniel Aakre inn frå høgre. Haugen Øye fekk stå umarkert i feltet, men klarte ikkje å få avslutninga på mål. Vartdal jakta utlikning medan heimelaget prøvde å trille ball mot slutten av kampen. Fem minutt før slutt kom den siste sjansen i kampen. Mats Øvrebotten avslutta frå 16 meter, og ballen gjekk via Allan, i tverrliggjaren og ut. Etter fem minutt med overtid blåste dommaren av og Ørsta kunne sleppe jubelen laus etter eit ikkje altfor spennande lokaloppgjer.
Lage som starta mot Ørsta:
Allan, Marius, Petter Ove, Arthur, Frank R, Kristoffer F, Jarl, Jostein, Fredrik, Kenneth, Steffen.
Benytta innbyttera : Kristoffer L.H for Jarl, Thomas for Jostein, Eivind for Fredrik.
Skade : Aleksander, Framk G
Mangla : Erling, Terje.
 
Neste kamp er mandag 14.september borte mot Larsnes/Gursken kl. 18.30