onsdag 13. mai 2015

Vartdal - Vigra 0 - 1 ( 0 - 0 )

Etter tre bortekampar i sesongopninga vart det torsdag klart for årets første heimekamp for Vartdal. Vigra, som og rykka opp i fjor, var motstandar på Remen.

I 1. omgang veksla laga på å ha trykket i kampen. Vigra fekk kampens første sjanse då Simon Gjøen heada i tverrliggjaren etter sju minutt. Ni minutt seinare hadde Kenneth Kjevik ope mål framfor seg, men avslutninga gjekk i nettveggen. Vartdal tok så over. Steffen kom seg til dødlina, men inne føre mål var det ingen Vartdal-spelarar til å sette ballen i mål. Nokre minutt seinare fekk Rolf-Erik avslutte etter eit hjørnespark. Målvakta redda, og Steffen fekk ikkje avslutta skikkeleg på returen. Då kampen var 31 minutt gammal avslutta Simon Gjøen igjen i tverrliggjaren, og på tampen av omgangen sette Kenneth Kjevik ballen i stonga. Laga gjekk dermed til pause på stillinga 0-0.

Ti minutt ut i 2. omgang var Aleksander skåring for Vartdal. Jostein hamna i springeduell med ein Vigra-forsvarar på ope mål litt seinare, og ei lang Vigra-tå hindra Vartdal-skåring. To minutt seinare fekk Simon Gjøen krangla ballen i mål, og Vigra var i leiinga. Vartdal, som ikkje fekk heilt til spelet sitt, fekk opp aggressiviteten i laget etter skåringa og byrja å legge trykk på Vigra. Vertane skapte fleire halvsjansar og kom til avslutningar. Petter Ove var nær skåring, men headinga hamna i nettveggen. På overtid hindra eit Vigra-hovud utlikning, og dermed kunne gjestene juble for 1-0-siger.

Lage som starta mot Vigra :
Håvard, Rolf-Erik, Petter Ove, Aleksander, Frank R, Arthur, Tony, Jostein, Anders, Eirik, Steffen
Benytta innbyttera : Morten for Jostein, Kristoffer L.H for Steffen.
Benk : Thomas, Erling, Terje
Skada : Allan, Kenneth, Frank G, Kristoffer F.F.
Anna : Dan Andre

Neste kamp for Vartdal er lokaloppgjeret 16. mai mot Ørsta på Remenkl. 15.00.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar