søndag 17. mai 2015

Vartdal - Ørsta 3 - 3 ( 2 - 1 )


Vartdal hadde von om å setje ny publikumsrekord på Remen. Den gamle frå 1996 var på 972 betalande tilskodarar. Mot Ørsta var det totalt 350 tilskodarar. Dermed vart det ikkje ny publikumsrekord, men likevel mykje folk og god stemning.

 

Ørsta hadde ballen mest i opninga av kampen, men etter sju minutt fekk Vartdal frispark i ein farleg posisjon. Tony sende vertane i føringa via ein Ørsta-spelar, og forbi ein utspelt Martin Liaskar i Ørsta-målet.

 

Ti minutt seinare var laga like langt. Markus Halse fann Jan Marius Brekke som sikkert sette inn 1–1. I resten av omgangen veksla laga på å ha kontroll. Fem minutt før pause fekk Terje Haugen Øye ein sjanse som Håvard Overå Sætre redda. Minuttet seinare fekk Frank avslutta frå 14 meter, men Martin Liaskar redda. Kenneth  fekk avslutte i neste angrep, og han sende Vartdal tilbake i føringa. Rett før pause fekk Terje Haugen Øye avslutta etter eit frispark av Vidar Liaskar, men avslutninga gjekk like over. Dermed gjekk Vartdal til pause med 2-1-leiing.





I 2. omgang var det Jostein som fekk den første sjansen, men avslutninga gjekk til side for mål. Kristoffer L.H tvinga fram ei god redning frå Liaskar like etterpå. Brekke fekk Ørsta sin første sjansen i omgangen, men avslutninga vart for svak. Ei misforståing mellom Ørsta-forsvaret og Liaskar gav Kristoffer L. H nok ein sjanse, men Martin Liaskar rydda opp. Etter godt forarbeid av Erling avslutta Tony i nettveggen. Midtvegs i omgangen vart Kristoffer L.H spelt gjennom, og aleine med Martin Liaskar auka han til 3–1 for Vartdal. Med eit kvarter igjen av kampen verka kampen avgjort. Vertane hadde god kontroll. Ørsta fekk ikkje spelet sitt til å sitte, og sleit med å skape dei store sjansane. Mot tampen av kampen flytta gjestene laget opp i bana. Terje Haugen Øye avslutta like utanfor med ti minutt att av ordinær tid. Fem minutt seinare avslutta Frode Følsvik etter eit frispark. Ballen gjekk til Terje Haugen Øye som sette inn reduseringa. Følsvik var nær skåring nokre minutt seinare. Brekke kom i ein god avslutningsposisjon på overtid, men Arthur fekk blokkert til hjørnespark. Henning Mork Sandvik tok hjørnesparket og ballen enda i mål. Ørsta trykka på, men dommaren blåste av kampen. Dermed enda lokaloppgjeret med eitt poeng til begge lag, og Vartdal var naturleg mest skuffa etter kampen.

Vi gjer ein heilt grei kamp, og til og med 3–1 så gjer vi ein god kamp. Vi vert for feige og sluttar å spele fotball, og det vert berre duellar og dødballar etter vårt siste mål. Det er veldig surt med eitt poeng, og vi treng absolutt poenga. Då er det ekstra kjedeleg å miste dei på overtid. Siste kvarteret var vi dårleg, og klarte ikkje å etablere spel. Vi sparka frå oss ballen med ein gang vi fekk den, men mesteparten av kampen var vi bra. Vi er på gang til å ta nivået, og vonleg så spelar vi oss i form. Det er og veldig viktig for oss å ha Kenneth Holsæker tilbake, seier Vartdal-trenar Einar Arne Roth.

Eg er veldig lite nøgd, og vi er ikkje på i det heile teke. Vi var elendige i 90 minutt. Dei siste minutta får vi trykk på dei, og Vartdal byrjar å stresse. Vi kriga, og vi visste at det kom til å verte ein krig i dag. Vartdal er betre enn oss på det. Dei er flinkare til krige, tøffare opp i oss, meir aggressive og truga rom enn kva vi er.
Vi er heldige og fortener ikkje noko poeng i dag, seier Ørsta-trenar Thomas Lid Kleppe om lokaloppgjeret som enda 3–3 på Remen. 











Lage som starta mot Ørsta :
Håvard, Arthur, Petter Ove, Aleksander, Frank R, Tony, Anders, Jostein, Erling, Kenneth, Steffen
Benytta innbyttera : Eirik for Steffen, Morten, for Jostein,  Kristoffer L.H for Tony, Thomas for Erling
Benk : Fredrik, Dan Ander, Kristoffer F.F
Skade : Allan, Rolf-Erik, Frank G
Anna : Terje, Marius



Neste kamp er torsdag 21.mai borte mot Emblem kl. 18.30

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar