onsdag 13. juni 2012

Vartdal - Stordal

Onsdag kveld var det klart for toppkamp på Remen då serieleiar Stordal gjesta Vartdal. Heimelaget leverte ein god kamp, men fekk ikkje utteljing på sjansane. Stordal var effektive, og tryggja tabelltoppen med 2–0-siger.

Det var høgt tempo frå første spark, og Vartdal dominerte banespelet. Nils Petter, som spelte sin siste kamp for Vartdal, fekk den første sjansen, men skotet gjekk utanfor.
Tretten minutt ut i kampen fekk Stordal eit mål annullert for angrep på målvakt, men det var likevel heimelaget som heldt fram med å ha initiativet i kampen til halvspelt omgang.
Det var Stordal som skulle ta leiinga i kampen etter 31 minutt. Martin Persson plukka opp ein retur etter ei heading, og sendte bortelaget i føringa. Begge laga skapte sjansar etter skåringa, men det vart ikkje fleire mål før pause.
Som i første omgang var Vartdal det klart beste laget i starten av andre omgang. I løpet av dei første tjue minutta skapte heimelaget seks store sjansar, og burde både ha utlikna og teke leiinga i kampen. Adrian Nakken i Stordal-målet hindra dette, og stod ein svært god kamp for bortelaget.
Som det ofte går når ein lag stangar mot mål så skårar motstandarane. 25 minutt ut i omgangen headar Geir Marius Øie inn Stordal sitt andre mål for dagen. Ti minutt seinare er Geir Arne nære på, og nokre minutt seinare treff Rolf-Audun tverrliggjaren. Stordal ror sigeren i land, og sikra seg ei luke på fem poeng ned til Vartdal og Emblem.



Lage som starta:
Martin, Thomas, Arthur, Petter Ove, Frank, Geir Arne, Anders, Rolf-Audun, Tony, Nils Petter, Dan Andre
Benytta innbyttera : Frank, Are, Kenneth,
Benk : Kenneth, Ledulf. Steffen, Jostein, Terje

Neste kamp er torsdag 21 juni kl. 18.30 på remen. Då er det Herd 2 som kjem på besøk.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar