onsdag 6. juni 2012

Bergsøy 2 - Vartdal

Det var topp mot botn då Vartdal gjesta Bergsøy 2 onsdag kveld. Heimelaget stod med tre poeng etter fem kampar, og hadde til gode å ta poeng på heimebane.


Vartdal på si side stod utan tap, og kom frå ein tolvmålssiger mot Åheim. Etter tabellen å dømme skulle dette verte tre greie poeng for Vartdal, men då laga gjekk til pause på stillinga 0–0 kunne det like greitt ha vore heimelaget som var i føringa. Vartdal kan takk Martin før 0-0 til pause.

Etter ein liten alvorsprat i pausen gjekk Vartdal på bana og viste betre takter enn i første omgang. Inn på bana kom Jarl og Frank G.
Begge gjekk rett inn i krigen og etter kvart fekk vi etablert eit større trykk på Bergsøy 2. Heimelaget skapte ingenting i andre omgang.
Med tolv minutt igjen av kampen kom også det avgjerande målet. Rolf-Audun vann ballen ti meter inn på heimelaget sin banehalvdel, og slo ein stikkar til Frank G. Spissen ordna 1–0 til Vartdal, og målet sikra også bortelaget tre poeng.




Vartdal takkar Martin i mål før ein god dag og 3 poeng til Vartdal.


Lage som starta
Martin, Thomas, Petter Ove, Arthur, Frank R, Are, Vetle, Nils Petter, Rolf-Audun, Tony, Dan Andre
Benytta innbyttera : Frank G, Jarl, Anders, Marius
Benk : Steffen

Kommande onsdag  vert det toppkamp mellom første- og andreplassen i femte divisjon når Stordal kjem til Remen. Serieleiaren har til gode å tape ein seriekamp sidan hausten i fjor, og det einaste poengtapet denne sesongen var 2–2 kampen mot Hovdebygda/Volda 2.

Så ta turen til Remen onsdag 13/6 kl. 18.30 å sjå toppkampen mellom Vartdal - Stordal.

Verdsrekord for femte divisjon

I toppkampen mellom Stordal og Emblem, som også vart spelt onsdag, vart det sett ny verdsrekord for omsetning ifølgje Nordicbet. Kampen genererte stor interesse blant oddstipparar, og spelet knuste m.a. kampar i den amerikanske baseballserien MLB i tillegg til toppoppgjeret i brasiliansk Serie A. Åtti prosent av dei som satsa pengar på kampen trudde at det ville verte bortesiger til Emblem, medan det var seksten prosent av spelarane som kunne smile breiast etter at Stordal vann kampen 3–1.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar