Vartdal opna årets sesong i 4. divisjon med tre bortekampar på rad.
Mot Norborg og Langevåg vart det tap, og torsdag var det Hareid som var
motstandar på bortebane.
Vertane med Stig Monsen som trenar har av mange
vorte tippa som eit av topplaga i 4. divisjon, og då Hareid og Vartdal
møttest til treningskamp i vinter enda det med 4-0-siger for Hareid.
Vartdal
kom best i gang torsdag kveld då Steffen spelte fint gjennom til Eirik som sende Vartdal i
føringa. Ola Kalvø Vattøy utlikna for Hareid. Vartdal fekk 3-4
målsjansar på rappen rett etter skåringa, men laga gjekk til pause på
stillinga 1-1.
I 2. omgang tok heimelaget føringa i kampen ved Thor Ove
Brekke. Same mann auka leiinga til 3-1 litt seinare, men bortelaget slo
tilbake med eit frisparkmål av Tony frå 18 meter. Ulrik
Wingsternes sette inn Hareid sitt fjerde mål for dagen, men Vartdal gav
ikkje opp. Tony sette eit nytt frispark i mål før han utlikna til
4-4 frå straffemerket. Hareid sin forsvarsspelar Eiliv Tore Hovlid fekk
raudt kort i situasjonen som førte til straffesparket. Steffen avgjorde kampen med 5-4-skåringa, og comebacket til Vartdal var eit
faktum.
Lage som starta mot Hareid :
Håvard, Rolf-Erik, Petter Ove, Aleksander, Arthur, Morten, Tony, Fredrik, Anders, Steffen, Eirik
Benytta innbyttera : Dan Andre for Fredrik, Thomas for Morten, Kristoffer L.H for Steffen
Skada : Allan, Kenneth, Kristoffer F.F, Frank G
Fråfall : Erling, Jostein, Frank R, Terje
Torsdag 7.mai kl. 18.30 spelar Vartdal sin første heimekamp på Remen for sesongen, og opprykkskollega Vigra er motstandar.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar