Etter fleire sesonger i 5.divisjon er Vartdal tilbake i 4.divisjon. Sesongoppkøyringa er godt i gang, og vi har fleire ny spelarar på plass.
Etter å ha vore nær opprykk fleire sesonger på rad lukkast Vartdal i fjord, og no ventar det tøffare motstand i 4.divisjon.
Treningsoppmøte i år har vore betre enn i fjord. Vi har litt mindre spelarar i år, men dei som er her er dei som vil.
Målsettinga til Vartdal er å halde seg i 4.divisjon denne sesongen.
Toppskåraren for Vartdal dei siste sesongane har valt å priortere vekk fotballen denne sesongen.
Laget har vorte forsterka av Rolf-Erik Flåskjær og Tony Andre Ristesund frå Ørsta. Erik Kaland frå Sykkylven.
Så langt i oppkøyringa har Vartdal spelt fire treningskampa :
Vartdal - Åmdal 3 - 0
Hareid - Vartdal 4 - 0
Emblem - Vartdal 2 - 1
Hovdebygda - Vartdal 0 - 0
16.mai er Ørsta motstander på Remen.
I år feira Vartdal T&TIL 80 år.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar