Peter Vartdal har vore ein tilhengjar av Vartdal TIL Fotball gjennom heile sitt liv. I helga vart han utnemnt til åres supporter og fekk æresmedlemskap i klubben.
Det vart litt av ei overrasking for Peter då heile A-lage laurdags kveld troppa opp på Vartdal Helsetun. Med seg hadde dei eit diplom signert av alle spelarane, ein pokal og ei marsipankake til Remen sin mest trufaste publikummar.
Peter har i all si tid vore engasjert i fotball, og har også vore oppmann for klubben. Dirfor synest spelarane det var på sin plass å heidre mannen so tass i at han no sit i rullestol, møte opp på nesten alle kampane heime på Remen.
Vi er imponert over at han har vore standhaftige og kjem på kampane. Det synest vi er svært. Vi har mange trufaste supporterar, men Peter er nok den ivrigaste av alle.
Inne på Vartdal Helsetun var det ein overraska og takksam Peter som tok i mot prisen for årets supporter.
Eg går på alle kampane, og det skal eg gjere så lenge eg greier det. Fotball har eg drive med i åtti år. Det betydde mykje for meg. Eg har hatt det veldig kjekt saman me Vartdallaget, sa Peter.
Med heile fotballaget samal på ein plass, nytta Peter også høve til å servere nokre røvarhistorier frå tida med Vartdal TIL Fotball.
For ein tjue-tretti år sidan spelte Volda landsdelsserie på Åndalsnes. Eg hadde veldig lyst å reise for å sjå, men fekk ikkje heilt lov for kona. Då spurte eg om det var greitt om eg reiste på kamp, om ho fekk 5 kroner kvar gong eg reiste. Det var det, og sidan vart det mange kampar. Men eg er ikkje heilt sikker på om eg har betalt tilbake alt enno, sa ein smilande Peter.
Prise for årets supporter har ikkje vorte delt ut på Vartdal tidligare. Petter sitt langvarige engasjement var difor avgjerande for at klubben valde å opprette ein slike pris.
I tillegg til prisen, får Peter gratis inngang på alle kampane Vartdal spelar i framtida.
Noko av det største eg har opplevd sa ein rørt og glad Peter til slutt.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar