Det vart ein sjanserik, men målfattig kamp som Herd 2 vann 1 - 0 søndag.
Det var bortelaget som opna kampen best, og kom til nokre sjansar. Den
siste halvtimen var det heimelaget som dominerte banespelet, og tok også
leiinga ved Martin Ingjerd. Både Vartdal og Herd 2 hadde også gode
sjansar til å skåre fleire mål i første omgang, men pauseresultatet var
1–0.
I andre omgang er Vartdal det beste laget, og skaper fleire gode
sjansar. Mot slutten av kampen satsa bortelaget meir offensivt og dette
resulterte i fleire sjansar begge vegar. Martin ordna opp for
bortelaget, men Vartdal klarte ikkje å utnytte sine sjansar. Dermed ebba
kampen på stilling 1-0, og Herd 2 sikra seg fjerdeplassen i årets femte
divisjon.
Vartdal enda på tredjeplass med tjueåtte poeng på seksten kampar i årets femte divisjon.
Då vil Vartdal takke Vigra, Hasundgot, Herd 2, Åheim, Hovdebygda/Volda 2, Bergsøy 2, Emblem, Stordal og SFK for samarbeidet i 2012.
Lage som starta mot Herd 2 :
Martin, Arthur, Aleksander, Are, Frank, Vetle, Anders, Tony, Dan Andre, Steffen, Pål
Benytta innbyttera : Marius, Jarl, Vidar Johan
Benk : Rolf - Audun
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar