Det yngla av fotballspelande og smilande born på grasmatta på Remen både laurdag og søndag. Grunnen var at fotballgruppa i Vartdal Turn- og Idrettslag arrangerte fotballskule saman med Tine. Deltakarane var mellom 6-16 år, noko som er eit breiare spekter aldersmessig enn det som er vanleg når det vert arrangert slike skular.
Laurdag hadde dei mykje gøy på programmet. Det var fotballkamp mellom borna og A-lagsspelarane. Kamp mellom A-lagsspelarane og dei som spelte på laget for 10- 15 år sidan. I tilegg til dette kunne borna få kaste svampar på dei vaksne spelarane.
Labb og Line frå Sparebank1 var også på plass for å skape god stemning, noko dei gjorde.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar