Jan Otto Roth og Kenneth Holsæker har teke over trenaransvaret for Vartdal sitt a-lag etter at Einar Arne Roth og Bjarte Flåskjer gav seg etter fjorårets sesong. Oppkøyringa til årets sesong i 5. divisjon starta 4. januar, og Vartdal trenar tre gonger i veka både innan- og utandørs.


Trenara : Jan Otto Roth, Kenneth Holsæker 
Kontaktperson : Ann Katrin Hjorthaug
Støtteapparat : Jon Helge Bjørndal, Per Johan Holsæker
Vi har ikkje ei spesiell målsetting resultatmessig, men i første omgang handlar det om å få i gang litt speleglede og treningsiver, seier Kenneth.
Det var ikkje den lettaste sesongen i fjor, og det vart ein nedtur med nedrykk og mykje motgang. No må vi få stemninga inn i troppen slik at tykkjer at det er kjekt å halde på. Så har også sportslege ambisjonar, seier Jan Otto

Talet på spelarar er bra

Stallen til Vartdal vart gradvis mindre utover hausten i fjor, og det var uvisse om det var nok spelarar til å stille eit lag i 5. divisjon i år. No har 5. divisjonslaget mange namn på blokka og treningsoppmøtet så langt i oppkøyringa har vore betre enn forventa.

Det har kome til ein del nye spelarar, og vi har nokre til som er på veg, seier Kenneth.
I tillegg er det fleire unge spelarar som har fått tilbod om å trene med a-laget i tillegg til treningane med sine aldersbestemte lag. Difor ser førebels lyst ut for Vartdal sin del før årets sesong.

Talet på spelarar er bra, men der er nokre som m.a. jobbar skift. Difor vil talet på spelarar som er disponible variere, seier Jan Otto
Frå stallen i fjor har Steffen og Marius Roth meldt overgang til Emblem.
Kenneth skal etter planen halde seg på sidelina.

Ser vi vekk frå desse så er stallen ganske lik fjoråret. Det er ikkje heilt klart om Toy og Frank Ristesund vert med, men vi vonar det.
Jan Otto og Kenneth understrekar at miljøet på Vartdal alltid har vore godt, og det også var det under motgangen i fjor.

Vi vil også ha fokus på den sosiale biten, og ha aktivitetar som ikkje berre har med fotball å gjere.


Divisjonsomlegging

Om divisjonsomlegginga vert vedteken frå 2017-sesongen vil det bli mange lag som kjempar om ein trygg plass i 3.-, 4.- og 5.-divisjon komande sesong. Om forslaget går gjennom vil 3. divisjon verte halvert, og mange lag vil rykke ned i divisjonen og divisjonane under. Trenarane følgjer spent med på kva som skjer, og gler seg til å kome i gang med sesongen.

Det blir ein kjempekjekk sesong, og det vert mange lokaloppgjer. Det er andreag i divisjonen, og då veit du ikkje om dei stiller eit godt lag på heimebane og eit meir varierande lag på bortebane.