I 2015 var det totalt 1.092 fotballag på Sunnmøre. Det kjem fram i årsrapporten til Sunnmøre fotballkrins. Ørsta IL fotball hadde 45 lag i år, og har opplevd ein auke på femten prosent frå 2014. Totalt har seks lag kome til frå fjoråret. Ørsta er den 7. største klubben i Sunnmøre fotballkrins når det kjem til tal på lag. Den største endringa for Ørsta sin del er på jentesida. Av dei seks laga som har kome til er fem av dei på jentesida. Frå 2010 har Ørsta hatt ein jamn vekst med auke kvart år. Vartdal fotball opplev også vekst. Tre lag har kome til frå 2014, og med totalt tolv lag er veksten på 33 prosent. Av dei tre laga er to på jentesida. Hovdebygda hadde elleve lag i 2015 mot tolv lag i 2014, og ein liten nedgang. Sæbø har stilt med sju lag i år, og det er eitt meir enn i 2014. Åmdal har ein nedgang frå seks lag i fjor til fem i år. Blindheim har 63 lag og er den klubben på Sunnmøre med flest lag. Herd er nest størst med 59 lag og Volda er på tredjeplass med 51 lag.

Veldig bra

For Ørsta kommune sin del står seniorfotballen sterkt, og det er framleis fem seniorlag på herresida i kommunen.
– Det er også fem seniorlag i Haram og fire på Giske. At Ørsta har fem seniorlag er ikkje så unikt, men det er veldig bra samanlikna med Volda og andre kommunar som Sykkylven. Dette er relativt store kommunar, men som har kanskje eitt eller to seniorlag på herresida. Ser vi på tal for seniorlag samanlikna med innbyggjartal ligg Ørsta heilt i toppen, seier dagleg leiar Bjørn Oskar Haukeberg i Sunnmøre fotballkrins.

56 prosent spelar fotball

I årsrapporten er det også statistikk som viser kor mange aktive spelarar det er i ulike årsklassar. Blant gutar 13–16 år er det 107 aktive, og totalt 41 prosent av årsklassene spelar fotball. Prosenttalet er det same for jentene i same årsgruppe, og det er totalt 114 som spelar fotball.
For gutar 6–12 år er 59 prosent som spelar fotball, og det er totalt 280 spelarar. På jentesida er talet på spelarar 216, og 47 prosent av årsgruppa er aktive i fotballen. Totalt blant barn og ungdom i alderen 6 til 16 år er 56 prosent som spelar fotball, og totalt er det 824 spelarar fordelt på dei fem klubbane i kommunen.