lørdag 22. august 2015

Vartdal - langevåg 2 -1

Vartdal slo Langevåg 2 - 1 på Remen torsdag.

Sigeren gjev Vartdal håp om ein mykje betre haustsesong enn kva vårsesongen var.
Vartdal hadde fleire spelara ute grunn skade til denne kampen.
Vartdal hadde henta tilbake veteranen Jarl Vinjevoll til denne kampen og han kvitterte med begge måla.
Det fyrste målet kom allereide etter få minutt. Vartdal fekk hjørnespark, og ballen vart lagt mot bakerste stolpe. Der dukka Jarl opp og sette ballen i mål.
Utover i omgangen hadde Langevåg ballen mykje, men vartdal snøra godt igjen, og det vart ikkje skapt mange sjanser.





Langevåg utlikna i byrjinga av andre omgang. Målet kom på eit godt plassert langskot.
Vartdal ardeidde for eit sigersmål, og eit kvarter før slutt kom det. Ballen vart spelt igjennom Langevåg-forsvaret, og Jarl stakk. Han kom åleine med målvakta, og vippa ballen rutinert forgi og i mål.

Vartdal hadde også ein debutant torsdag. Det var Eiving Vartdal.

Langevåg IL på Tweeter etter kampen mot Vartdal :



Lage som starta mot Langevåg :
Allan, Thomas, Petter Ove, Kristoffer L.H, Tony, Arthur, Kristoffer F, Fredrik, Jostein, Jarl, Steffen
Benytta innbyttera : Terje, Eivind. 
Skade : Marius, Aleksander, Frak R, Frank G, Eirik
Fråfall : Erling, Kenneth, Morten, Anders

Neste kamp er laurdag 29. august heime mot Hareid kl. 15.00 på Remen. Det er ein del av programet under Vartdalsstranddagnae.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar