søndag 7. juni 2015

Vartdal - Larsnes/Gursken

Vartdal gav Larsnes/Gursken hard kamp om poenga på Remen, men gjestane vann kampen 2 -1.

Kampen var jamn, uavgjort hadde vore meir rettferdig.
Vertene fekk også den første avslutninga i kampen, men skotet frå Jostein gjekk til side for mål. Nokr minutt seinare kom Johnny Moltubakk i ein god avsluttningsposisjon for gjestene, men skotet gjekk rett på Allan i Vartdal-målet. Larsnes/Gursken hadde balle mest i 1.omgang, og Vartdal klarte ikkje heilt å samle seg i første halvdel av omgangen. Etter kvart fekk heimelage justert seg, og hadde god kontroll defensivt og Larsnes/Gursken skapte ingen store sjanser. Eitt minutt før Pause vann Kristoffer L.H ballen høgt i bana, og kom aleine gjennom. Steffen kom på eit godt løp, men Kristoffer L.H valte å avslutte og ballen gjekk over tverrliggjaren.

I starten av 2. omgang gjekk det meste spele føre seg på Vartdal sin banehalvdel. Larsnes/Gursken hadde ballen, men kom seg ikkje gjennom Vartdal-forsvaret. Etter 57 minutt fekk bortelaget ein stor sjanse på eit hjørnespark, men ingen fekk ein fot på ballen frmfor mål og Vartdal fekk avklart. Minutte seinare kombinerte Arthur og Anders flott. Frank R fekk avslutte, og skotet gjekk i stolpen og ut i hendene på målvakta. Då kampen va 63 minutt gammal vann Kristoffer L.H hovudduellen etter frispark og stussa vidare til Anders. Med venstrefoten sende han Vartdal i føringa. Larsnes/Gursken byrja jakta på utlikning rett etter avspark, og åtte minutt etter Vartdal-målet fekk dei utteljing. Etter eit frispark vart det litt spel rundt 16-metere før Tor-Jørgen Kleppe sette inn 1 -1. Tolv minutt før full tid fekk gjestane tildelt straffespark, og Leiv Sindre Muren var trygg frå straffemerket. Vartdal la trykke på Larsnes/Gursken på tampen av kampen. To minutt før full tid fekk Steffen avslutte frå skrott hald, men målvakta fekk slått vekk. Dermed enda kampen med 2 - 1 siger fo Larsnes/Gursken.

Lage som starta mot Larsnes/Gursken
Allan, Frank, Aleksander, Petter Ove, Rolf-Erik. Tony, Anders, Erling, Josrein, Steffen, Eirik.
Benytta Inbyttera : Kristoffer L.H for Erling, Kristoffer F.F for Petter Ove, Arthur for Eirik, Dan Andre for Kristoffer L.H
Benk : Thomas, Marius, Fredrik
Skade : Kenneth, Frank G
Forfall : Håvard, Terje, Morten


Assistentdommer 1: Henning SkjeretVolda TI - Fotball
Dommerveileder: Erik MørkesetGuard, SK

Neste kamp er fredag 12.juni borte mot Valder kl. 18.30

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar