onsdag 12. mars 2014

Sesongoppkøyring

Vartdal er godt inn i sesongoppkøyring, og den nye trenarduoen Einar Arne Roth og Bjarte Flåskjer ynskjer å skape eit offensivt Vartdal-lag i 5.divisjon.


Den siste sesongen har Vartdal vore heilt i toppen av 5.divisjon, men har ikkje klart å kapre opprykksplass. Etter fire år med trenaransvaret gav Kenneth Nydahl seg i fjord, og no er det Einar Arne og Bjarte som styrar laget.
Vartdal trenar både i Kiwihallen (Ørsta) og på Vartdal skule, og trenarduoen er nøgd med spelargruppa dei har å jobbe med.
Vi er eit godt lag når alle er på plass. I utgangspunkte har vi ein stall på nærare 25 spelarar, men det har vore mykje skader og reising i samband med jobb.

Spelarstallen til Vartdal har ikkje endra seg stort frå sesongen i fjord. Det har kome på nokre nye studentar. Kristoffer Ansnes frå Sunndalsøra og Kenneth Bernales frå Florø. Frank Ristesund er på veg tilbake i Vartdal-drakta frå Ørsta. Thomas Gjerde som var målvakt i fjord er vekke, men Allan Kjærbech er på plass igjen i Vartdal-drakta og Vartdal har også 16-åringen Håvard Sætre so kan vakte målet. I tilleg til Håvard er det fleire yngre spelara på veg opp.

Med dette utgangspunkte har Einar Arne og Bjarte von om at Vartdal skal hevde seg godt i årets 5.divisjon.
Trenarduoen håper at årets utgåve av Vartdal skal underhalde publikum på Remen, og at enno fleire kjem for å sjå heimekampane enn tidligare.

Målsetjinga er å vere i toppen og kjempe om opprykk.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar