Etter tre år som hovudtrenar for Vartdal vart det i fjor haust klart at Kenneth Nydahl ikkje ville vere hovudtrenar i 2013-sesongen. Sidan den gongen har situasjonen forandra seg, og Nydahl vil likevel ha hovudansvaret for laget som var nær opprykk til fjerde divisjon førre sesong.
I utgangspunktet hadde eg tenkt å ha eit friår, men var open om det kom interessante tilbod på bordet. Vartdal hadde ein ny trenar meir eller mindre i boks, men dette skar seg. Etter eit møte med Arthur Vartdal Midtgaard og Jan Otto Roth vart vi einige om å berge stoda, og det ser det ut som at vi skal klare, seier Nydahl.

Mister fire mann

Vartdal har hatt ambisjonar om å ta steget tilbake i fjerde divisjon dei siste sesongane, men har ikkje lukkast. Frå stallen i fjor vil truleg fire mann forsvinne, og Hans Olav Romestrand er allereie klar for Ørsta.
Det er eit problem å hente inn nokon når vi har kome så langt ut i sesongen som vi har gjort, og eg trur at vi må klare oss med dei spelarane vi har. I tillegg skal byggje opp dei unge spelarane slik at dei vert betre og får eit løft. Så får vi sjå om det er behov for forsterkningar seinare i sesongen, seier Nydahl.

Målet er å vere gjere det like godt som i fjor

Hovudtrenaren har heller ikkje ei klar målsetjing om opprykk denne sesongen.
Målsetjinga er i utgangspunktet å gjere det så godt som vi gjorde det i fjor. Om vi skulle vere med å kjempe om eit opprykk vil det vere ein bonus. Når vi mistar fire mann så har vi ein jobb å gjere, og vi må halde fram med den fine treningskulturen som har vore i klubben, seier Nydahl.
Vartdal har opplegget klart for sesongen som ventar med treningar i Ulsmohallen og i Hovdebygda. I tillegg til treningsleir i Tyrkia.
Vi har godt og vel tjue mann som skal trene sterkt, og det vil vere eit godt treningstilbod for vartdalingane denne sesongen, seier Nydahl.