torsdag 13. september 2012

Vigra - Vartdal

Ei våt og tung grasbana gjorde at det vart vanskeleg med finspel mellom Vigra og Vartdal torsdag. Heimelaget hadde ei 4–1-leiing, men Vartdal kom tilbake og sikra seg eitt viktig poeng i 4–4 kampen.

fredag 7. september 2012

Vartdal - Emblem


Med siger mot Emblem torsdag ville Vartdal klatre enno nærmare topplaga i femte divisjon. Vartdal var det beste laget på heimebane, men eit straffespark på overtid gjorde at det vart uavgjort 2–2.

torsdag 30. august 2012

Hovdebygda/Volda 2 - Vartdal

Åtte mål, to sjølvmål, straffespark, harde taklingar og tøffe duellar var resultatet då ein oppsummerte lokaloppgjeret mellom Hovdebygda/Volda 2 og Vartdal.

                                                       Vetle og Tony

Klart for lokaloppgjer

Heimelage jakta siger, medan Vartdal bør ta poeng for å henge med i opprykkskampen.

torsdag 23. august 2012

Vartdal - Hasungodt

Vartdal opna haustsesongen med siger
Petter Ove, Steffen, Tony scora før Vartdal + ein Hasundgot spelar

Vartdal var favorittar då Hasundgot gjesta Remen. Bortelaget ligg nest sist på tabellen, men Vartdal jakta på topplaga Stordal og Emblem. Difor var det viktig for Vartdal sin del at det vart tre poeng.

lørdag 18. august 2012